torsdag 2. februar 2012

Fra ukens lesning

FOR SEINT   

Sit, står, ligg eller flyt du no rundt ein stad og les, eller høyrer, eller høyrer om, eller skriv desse orda, er du ekskludert frå ein klubb av uvitande. Du kunne ha vore i den endå meir eksklusive klubben som stogga før denne setninga, men no er også det for seint. Du kan også stogge no, men kva er vitsen? Du er allereie fortapt, di rauv.

Desse orda er dediserte til deg som aldri les dei. Som aldri høyrer dei lesne høgt, og som ikkje høyrer om dei frå andre. Dei er til deg som aldri kjem til å lese om dei, til deg som ikkje har kome til å skrive dei sjølv, kort sagt til deg som ikkje på nokon måte kjenner til at dei eksisterer, og aldri kjem til å gjøre det. Tomrommet mellom deg og desse orda er det vakraste tomrommet i verda.

Frå Essensen av Olav R Øyehaug, 2011                                                        

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar