søndag 27. november 2011
Fra ukens lesning
Eg står i vindauget og ser ut i denne vestlandsnatta, i denne årstida som eg ikkje lenger kan identifisere. Iallfall ei av desse årstidene som går så fort forbi og ikkje bryr seg. Det er som eg kan høyre eit gigantisk sukk der ute, og eg ser opp på alle stjernebilda, dei eg kjenner så godt etter å ha lært om dei i kunnskapsbøkene som mormor mi brukte å gi meg til jul og fødselsdagar. Andromeda, Svana, Orion, Storebjørn og Veslebjørn, Storeulv og Vesleulv, Jernkjeve, Agurken, Lyra, Fitta, Kentauren, Kassiopeia, Steinbukken, De tre små grisane, Delfinen, Tvillingane, Vassmannen, Oksedrivaren, Bongo, Kusken, Fant, Eridanus, Laika, Kjølen og alle dei andre.
Ragnar Hovland; Stille natt, Samlaget, 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Vakkert! Du koser deg nå? Perfekt vestlandsvær når en sitter hjemme og leser Hovland!
SvarSlett