Siste søndag i januar kommer følgende fra Bai:
1. Onomatopoetikon er eit omgrep som betegnar eit lydmalande ord (eller uttrykk). I lyrikkteorien blir det onomatopoetiske ofte bare nevnt i bisetningar som eit unntak som stadfestar "regelen" om at språket er arbritrært og konvensjonsbestemt (altså, at det ikkje er nokon samanheng mellom korleis eit ord ser eller høyrest ut og kva det betyr). I artikkelen ”Lyden i skriften (og skriften i lyden)” fra 2008 forklarer Erling Aadland dette med å vise til at dei lingvistisk inspirerte retningane innafor litteraturforskninga. Og i mange tilfeller er dette riktig. Forhaldet mellom klang og lyd på den eine sida og innhaldet i ordet på den andre sida, er ofte tilfeldig.
Det at dette ofte er tilfeldig, har også blitt vektlagt i så stor grad, at mange lesemåtar også overser dei tilfella der det er ei samanheng mellom lydbilete og innhald. Men i same artikkelen skriv Aadland:
”mange ord verken er helt motiverte eller helt arbitrære, men noe midt i mellom”
(s. 125).
For mange ord er ikkje tilfeldige. Og kanskje særleg i lyrikken er ordvalet lite tilfeldig, når ein ser på samanhengen mellom lydbilete og meining. Orda er ikkje tilfeldig valde. Og sjølv om einskildorda ikkje malar lydar, finn vi ofte dikt kor samansettinga av ord dannar eit lydbilete som svarar til innhaldet.
Første oppgåve blir derfor: Presenter eit dikt, kor lydbiletet er med på å forsterke innhaldet i diktet.
2. O kan også stå for ord. Og orda, eller språket, har ofte blitt tematisert og problematisert i nyare lyrikk. Fleire av dikta som er skrivne dei siste tiåra, har eit metaaspekt, kor dei problematiserer språket og språket si rolle som reiskap for skrivinga. Presenter eit dikt som handlar om orda, eller språket.
3. Presenter ein diktar på O.
Ad 1: Tilbake til Bergen i kveld etter noen dager i vinterfjellet, møtes en av:
Regn
En er en, og to er to -
vi hopper i vand,
vi triller i sand.
Zik zak,
vi drypper på tag,
tik tak,
det regner i dag.
Regn, regn, regn, regn
øsende regn,
pøsende regn,
regn, regn, regn, regn,
deilig og vådt
deilig og rådt!
En er en, og to er to -
vi hopper i vand,
vi triller i sand.
Zik zak,
vi drypper på tag
tik tak
det regner i dag.
(Av Sigbjørn Obstfelder)
Ad 2: Tone Hødnebø har skrevet:
Det hviler en forbannelse
over det som er velkjent
og ordene faller ikke
slik jeg vil de skal falle,
ordene vokser ut av munnen
og vokser seg større enn livet
for jeg tror på ideen
en godt bevart hemmelighet
og begjæret som løser lemmenes kraft
men i virkeligheten er jeg trett
for kroppen har ingen samvittighet
eller den sover, sier noen.
(Fra Stormstigen, 2002)
Ad 3: Ernst Orvil (1898-1985) var en særegen stemme både i prosa og poesi.
AFTENSANG
Jeg sier at kornet som
vender seg i vinden,
men tar ordene i meg igjen
fordi aftenskyggene står som
blå tempelbuer over
et uløselig landskap
Jeg sier at lidelsen går aldri
helt til grunne i oss.
Og heller ikke det lykkelige
begjær, sier hun,
etter ord som vender seg
i dine hender.
(Fra Nok sagt, 1972)
Gode svar, som alltid. Regn er eit av mine favorittdikt, nettopp fordi det lydmalande er så skarpt og så genialt i dette diktet. Ein kan nesten ikkje få beskrive ein lyd betre, enn det Obstfelder gjer her.
SvarSlettHødnebø tek eg meg stadig i å skjønne at eg har lese for lite av. Takk for eit flott dikt.
"Oveldsv" var spamordet på forrige kommentaren - kan hende det bare er eg som er nerdete nok til å synest det er morsomt med eit spamord på o, på ein slik kommentar.
SvarSlettTakker for gode ord; du har åpenbart skjønt betydningen av positiv respons i det pedagogiske virket! Å få 'oveldsv' opp som spamord etter en tekst av Orvil er jo like usannsynlig som det er fantastisk!
SvarSlett