søndag 9. januar 2011

Søndagsdikt: M

Det er hyggelig at Bai har tatt opp igjen sine lyrikkutfordringer, i dag er utgangspunktet M:

1. Den franske filosofen og kunstteoretikaren Maurice Merleu-Ponty er oppteken av måten mennesket sansar og persiperer verda på, i The Phenomenolgy of Perception. Han vil at kunsten, også litteraturen, skal sjå verda på ein opprinneleg måte og dermed sjå verda slik ho eigentleg er. Han brukar malaren sitt blikk som eksempel. Malaren ser tingen og gjenskaper han, og må dermed sjå tingen som han er. Malaren sitt blikk skil seg frå kvardagsmennesket sitt blikk, fordi i kvardagen ser vi tingen for å sette han inn i ein samanheng og skape ei meining rundt tingen. Mennesket har ofte hastverk med å skape meining rundt tingen, og dette i hastverket gløymer vi å sjå tingen slik han er. Overført til litteraturen kan den lyriske skildringa vere ei hjelp til å sjå ting som dei er, ikkje bare å sette dei inn i ei meiningssamanheng.




Presenter eit dikt, som viser fram tingen, slik han er.



2. Metaforen er eit mykje brukt omgrep i diktanalyse. Ein metafor er definert som eit språkleg bilete eller ei samanlikning, som ikkje gjer nytte av ordet "som". Sidan ordet "som" ikkje er brukt, er ikkje samanlikninga åpenbar, og det blir opp til lesaren å finne fram til dette språklege biletet. Tradisjonell lyrikkforskning har lagt stor vekt på biletbruk i det heile tatt og metaforbruk spesielt, i forståing og lesing av dikt. Samtidig er fleire av dei nyare retningane i forlenginga av fenomenologi og dekonstruksjon meir kritiske til å overdrive vektlegginga av metaforar. Eit for stort fokus på å leite etter metaforar i teksten, er med på å ta fokuset vekk frå språket og tingen. Eller sagt med den danske Tranströmer-forskaren Birgitte Steffen Nielsen sine ord:

”Vi må undlade at erstatte allegorien med en betydning, fiktionen med en sandhed - og i stedet for sådanne oversættende, erstattende operationer forsøge at fornæmme tekstens liv” (Den grå stemme, 2002)

Kva tenker du om å lese med vekt på metaforar og språklege bilete? Er det viktig å avsløre metaforane i diktet, eller er liker du betre å lese som Nielsen og "forsøge at fornæmme tekstens liv"?

3. Apropos metaforar: Presenter eit dikt, kor du synest at metaforbruken er heilt sentral for diktet si meining.


Dette er muligens i overkant filosofisk for meg, jeg har tross alt bare lest faget i forbindelse med forberedende og vet ikke om jeg noensinne vil gripe 'das Ding an Sich oder Mich'. Nåvel, jeg stusser iallfall på dette med å se tingen som den er, fri for mening så å si - er det mulig når vi  først forbinder noe med tingen? Er ikke abstrakte bilder malerens måte å takle dette på? Sleggen blir levendegjort av Olav H Hauge, men får han ikke nettopp slik ekstra godt fraam det karakteristiske ved tingen!? En sentral metafor i diktet er det vel iallfall.

SLEGGJA                                     

Eg er berre 
ei sleggje.
Eg stend der no.
Eg lyt berre til
når det røyner på.

Metaforer synes jeg ofte er med på å løfte et dikt, men de skal helst være så elegant integrert at en ikke tenker på metaforbruken, bare konstaterer at det var et godt dikt!
Så lurer jeg på om ikke diktet til Olav H Hauge kan brukes både til oppgave 1 og 3?!

1 kommentar:

  1. Dette synest eg er eit svært godt og jordnært svar! Merleau-Ponty er vanskeleg, fordi i forsøket på å gripe tak i det konkrete og håndfaste i kunsten, blir han veldig filosofisk og veldig abstrakt. Det burde kanskje vore mogleg å gripe tak i det enkle og sansbare på ein enklare måte. Og det konkret sansbare og det abstrakt biletlege heng jo veldig tett saman hos Hauge, slik du presenterer han.

    SvarSlett