mandag 24. mai 2010

Søndagsdikt på 2.pinsedag: H

1. Haiku er eit kortfatta japansk dikt, med strenge formkrav. Det skal ha 17 rytmiske einingar, fordelt på 3 linjer: 5 i første, 7 i andre og 5 i tredje. Haiku-diktninga har inspirert moderne europeisk og amerikansk diktning, som Ezra Pound og beat-poetane.
Presenter eit haikudikt eller eit haiku-inspirert dikt.

2. Historisk-biografiske metode er ein lesemåte som knytter tekst tett opp til forfattar og forfattarbiografi. Moderne litteraturvitskap har stilt seg kritisk til denne lesemåten, men likevel er det stadig diskusjonar om korvidt ein kan lausrive teksten heilt frå forfattaren som har skrive han, eller ikkje. Kva tankar gjer du deg om dette?

3. Presenter eit dikt av ein forfattar på H.



Dette er denne vekas oppgåver frå Bai, som alltid passe  utfordrande!


Med dei strenge krava til Haiku, er vel dette diktet av Olav H Hauge helst inspirert av sjangaren, noe han i det heile var i samlinga med det talande tittelen: Dropar i austavind' (1966)


I dag såg eg


I dag såg eg
tvo månar,
ein ny
og ein gamal.
Eg har stor tru på nymånen.
Men det er vel den gamle.


2. Eg trur det var eit sunt og nødvendig oppgjer med den historisk-biografiske metode i si tid, men som så ofte ved oppgjer gjekk ein for langt og enda opp med å seie at forfattaren var heilt likegyldig. Eg trur det fruktbare finst ein plass i landskapet mellom desse ytterpunkta. Det er nyttig å vite litt om Olav H Hauge for å få fullt utbytte av diktinga hans, men biografien må ikkje bli viktigare enn bibliografien.


3. Paul-Helge Haugen er ein diktar eg har stor sans for. Han kom i 1975 med samlinga 'Det synlege mennesket', der ein mellom anna finn dette diktet til Janis Joplin (1943-70):


Sangen om Janis

la oss gli sakte over landet saman
over folk som  lever av å skape død
for kvarandre  og pakke den inn
i blankt papir, over kroppane deira
draumane deira, avfallet deira
har du sett døden strøyme
ut av hendane deira, arbeidet deira
produksojonskalkylane, dei gode heimane
fabrikkane, radiostasjonane, skolebygningane
er du fortapt: ingen veg attende


musikken går ved sida av oss
strøymer ut av elektriske holer i landskapet
Janis bøyer kroppen bakover, liggande
naken utfalda i fjellskrentane, reiser seg opp
frå graset på slettene, kjem strøymande mot oss
under trekronene, flyt mjukt nedover elvane
mot havet, stryk handa gjennom håret i vinden
i regnet, i skodda som blindar augo våre
fyller lungene med grått og stilt


kjenne verden smuldre under kroppen din
og ikkje forstå kvifor den smuldrar, redsla
for å vere tom for bilete, du fører nålespissen
stadig djupare inn under huda, overflata
er sprekkeferdig, må stadig påførast nye lag
av stoff, fjører, farge, fyll
underlege sjukdommmar bryt fram om natta
som svulstar på overflata, og stadig tykkare lag
av syre og  hat og kjærleik, når overflata sprekk
slepp skriket ut, skriket
du kan dele med dei andre, fylle dei med det
det første skriket det siste skriket det einaste skriket
så mykje hat skal til for å bygge ein stor kjærleik
og ingen grenser mellom pulsen din og vibrasjonane
frå dei andre, oss, sangen frå pulsane, ti tusen
eller ein, orgasmen, hatet oppløyst i lys
og den dirrande  ryggsøyla
betre når skriket stig ope fram i lyset
kan du bli rensa, kan vi bli rensa


og skriket stig ope fram i lyset


Det lir langt nå. Det kjem.,
det nærmar seg.
Alle ting forandrar seg, søker
si motsetning, til sist smeltar dei saman.


Det kan ikkje finnast eit stort lys
utan at det finst eit stort mørker


Dei mjuke områda på kroppen mjuknar, eg ser mørket
kome framfor augo, eit breitt  belte, frå venstre
mot høgre, det glir
det kjem. Det er seint, vi skal la 
sola sige nå, Janis


medan du glir bortover vegen, nedover vegen, dradd inn i gatene
ser du at alt er foranderleg forgjengeleg forkasteleg
biletet har ikkje koagulert ennå, frå begge sider av gata
blir nye bilete spylte oppover veggane, det gamle samfunns
balsamerte fasadar, veggane legg seg ned og reiser seg att
etter andre lover enn det du kan kontrollere, etter lover
andre kan kontrollere, lover du berre kan nemne med eit skrik,
lover Janis berre kan nemne med eit skrik, naken i vindaugo
på begge sider av den borgarlege gata, naken med ditt ørvesle
dampande hestekjønn i børsen, i banken, i den kreftsjuke kasserarens
vesle pengeskuff, skriket rasande ut av vindaugo, skriket
for helvete, mørke flekkar etter vold i bankens luftavkjølte 
møterom, nesten usynlege avtrykk av profilar med oppvridde munnar
murringa frå hestepisken på veggen over fløyelssofaen og Boris
Karloff bøyer seg over den nakne Pearl i hestestallen,
alle dei ubrukte søstrene hennar brenn sakte opp innanfrå
i treroms leiligheter i utkanten av byen
medan mennene deira vaktar dei utanfrå gjennom eit hol i døra, 
skriket når aldri ut over badekarkanten
der dei flyt med stive augo når alt er over, vi kan kle av Janis nå,
lag etter lag, kremane, pudder, lakk, utsondringane, skuggen,
fjørene, fargen, perlene, angen i hudporene, døden i hudporene,
nålemerka, rådløysa, nervegreinene, visjonane, kjærleiken, huda,
håret, det flagrande håret, det flagrande skriket

4 kommentarer:

  1. Paul-Helge Haugen skriv godt! Sterkt dikt.

    Eg meiner at eg kan ha utbytte av å lese dikt av Hauge, utan å kjenne biografien hans. Men lesninga av dikta endrar seg likevel litt, når eg blir kjent med biografien hans.

    SvarSlett
  2. Eg er heilt einig, det er mykje¨å hente frå dei fleste tekstar utan å kjenne forfattarens biografi (heldigvis), eg ville berre få fram at det kan i blant vere eit pluss å vite noe, for eksempel fekk eg ei større forståing for Hauges 'Eg stend her eg seddu' då eg oppdaga at han hadde vore psykiatrisk pasient.

    SvarSlett
  3. Veldig fin post:) Så herlig med Haiku dikt, de uttrykker mye ut av lite:)

    SvarSlett
  4. Eg må finne eit betre system for å følgje med på kommentarar og kommentardiskusjonar eg har våga meg inn i, ser eg.

    Eg las også fleire av Hauge sine dikt på ein ny måte, etter at eg fann ut at han hadde vore psykiatrisk pasient. Og eg har hatt fleire liknande opplevingar, kor eg har lese dikt annleis når eg har blitt kjent med biografien til diktaren. Karin Boye er eit anna eksempel, eit tredje er Gunvor Hofmo, som ikkje blir den same etter at eg las Ruth Meyers dagbok. Men likevel er eg mest glad i måten eg sjølv les på, når eg les uavhengig av konteksten. Då forsvinn eg meir inn i teksten på ein måte. Viss eg blir for oppteken av å finne samanhengar er det som om noko av det umiddelbare i lesinga mi blir øydelagt.

    SvarSlett