søndag 30. mai 2010

Søndagsdikt: I


Utfordring frå Bai, siste søndag i mai:

1. Eg såg det svenske programmet "Babel" på SVT, tidlegera denne veka. Her dreidde debatten seg om "poetarnas front i ingenjörslandet Sverige". Og eg trur Norge har så mykje til felles med Sverige, som ingenørland. I programmet blir lyrikken si svake stilling i Sverige (og andre land med ytringsfridom) kontrastert med lyrikken si sterke stilling i diktatur, kor korte dikt er ein ytringsform som er langt lettare å spreide, enn mange andre ytringsformar.

Spørsmålet som programleidar Erik Schüldt stilde er i alle fall relevant også for den norske litterære marknaden:
Är Sverige ett så inrutat ingenjörsland att vi inte klarar av poesi? Att vi inte står ut med det vi inte förstår? Är det därför en minimal skara poeter debuterar varje år för att sen ändå reas ut på nästa års bokrea?

Kva tankar gjer du deg omkring dette?
(Eg anbefaler deg forresten å ta deg tid til å sjå programmet. Det er eit godt program).

2. India, og dei omkringliggjande landa i "Orienten", var til stor inspirasjon for mange modernistiske diktarar. Presenter eit dikt frå India eller eit anna asiatisk land.

3. Presenter eit dikt av ein diktar på I.


1. Eg trur lyrikk blir marginalisert mykje gjennom  det faktum at vi har eit varesamfunn, lyrikk fungerer ikkje like godt som vare som dei kulturyttrykka som kan opplevast meir som rein underhaldning. (Det er jo stort sett ikkje dei litterært sett mest interessante romanane som verkeleg sel helller). Folk har ikkje eigentleg negative kjensler mot lyrikk, tvert om trur eg dei fleste set pris på eit 'passande' dikt ved eit jubileum eller ei anna markering. Elers meiner eg at skulen får urettvis mykje skuld for folks eventuelle motvilje mot lyrikk (og litteratur i det heile), det er i alle fall mange spenstige lyrikkopplegg i dei tusen klasserom no samanlikna med for ein generasjon sidan.


2. Den kinesiske diktaren Tu Fu (712-80), er gjendikta til norsk av Georg Johannesen. Tu Fu kom eigentleg frå gode kår, men enda som fattig omstreifar og kan soleis symbolisere heile forfallet til Tang-dynastiet på same tid.


Perlene


En venn ga meg perler til avskjed
Perlene lignet tårer
Jeg så på perlene da han var gått
Perlene var dekket med ørsmå skrifttegn
Jeg kunne ikke tyde perlenes innskrift
Myndighetene kom en dag og åpnet mitt skrin
Perlene var blitt til blodsdråper
Jeg sa: Jeg beklager, dette er alt hva jeg har


3. Henrik Ibsen skreiv og dikt:



Borte!


De siste gæster
vi fulgte til grinden;
farvellets rester
tok nattevinden,


I tifold øde
lå haven og huset,
hvor toner søde
mig nys berused.


Det var en fest kun,
før natten den sorte;
hun var en gæst kun, -
og nu er hun borte.

1 kommentar:

  1. Det kan hende du har rett i at det er urettvist å skulde på skulen for folk si negative haldning til lyrikk. Du er vel betre kjent med innsida av skulen i dag, enn eg er. Men eg baserer mitt inntrykk litt på erfaringar frå eiga skulegang, litt på erfaringar med lærebokverk eg har brukt som vikar og mykje på respons frå folk i løpet av dei åra eg har skrive ei lyrikk-masteroppgåve. Dei aller fleste som eg har møtt utføre Blindern seier "Dikt og sånn? Det skjønte eg aldri noko av, då eg gjekk på skulen". Så sjølv om kanskje dagens norsklærarar har endra litt tilnærmingsmåte til lyrikkundervisninga, trur eg den tilnærminga som var vanleg for 10 år sidan då eg gjekk på vidaregåande, og før det framleis pregar folk si oppfatning. Men eg håper jo at eg skal få vere med på å gjere noko med dette, for framtidige elevar.

    Dette med underhaldning er eg elles veldig einig i.

    SvarSlett