søndag 18. april 2010

Søndagsdikt: D

Dagens utfording frå Boklesebloggen min:

1.
Den franske filosofen Jaques Derrida har skrive mykje om dikt og diktlesing. Blant anna er han oppteken av sjangeren si rolle i essayet ”La loi du genre” (Sjangernes lov). Ein sjanger er ifølgje Litteraturvitenskapelig leksikon betegnelse for de overordnede klasser for inndeling av ulike typer litteratur.

Dikt blir delte inn inn i sjangrar, og einkvar sjanger har sine kjenneteikn.

Derrida meiner at det er slik at kva gong dette kjenneteiknet eller merket opptrer i ein tekst, blir det også forandra. Ein kvar tekst tilhøyrer ein sjanger og er slik ein deltakar i denne, samtidig som han bidreg til å endre og skape den sjangeren teksten tilhøyrer og deltek i. Eller sagt med Christian Refsum sine ord:

Sjangerens betydning for litteraturen er paradoksal i den forstand at sjangernes lovverk bare eksisterer i realiseringen av dem, og hver realisering endrer dem (Lyrikkens liv, 230)

Kva tankar gjer du deg om å dele inn og kategorisere dikt i ulike sjangrar etter ulike kjenneteikn? Er det nyttig for oss vanlege lesarar, eller er dette aktivitet for spesielt interesserte akademikarar?

2.

Presenter eit dikt av ein forfattar på D.


3.

Den kanadiske litteraturforskaren Northop Frye meiner at eit dikt består av babble og doodle. Babble er det rytmiske og musikalske, medan doodle er visuelle apsekter, som linjedeling, strofeoppbygging og typografi, poetiske bileter og metaforer.

Presenter eit dikt kor doodle-aspektet er særskilt sentralt.

1. Eg tenkjer at denne kategoriseringa er viktig for dei som studerer dikt, det kan og vere viktig for dei som skriv dikt, men det er - som regel - ikkje viktig for dei som les dikt.

2. Tove Ditlevsen (1917-76)
Viktig dansk forfattar frå forrige hundreåret. Eg blei for alvor merksam på lyrikken til Ditlevsen da Kari Bremnes kom med plata 'Mitt ville hjerte' i 1987,  der alle tekstane er henta frå Ditlevsens produksjon. Opningssporet er 'Mit hjerte hamrer og hamrer', frå 'Til en liten pige. Efterladte dikt' (78)












Mit hjerte hamrer og hamrer,
som ville det aldrig standse.
Det gør ondt at høre din latter
og ondt at se dig danse.

Allikevel går jeg ikke,
for lidelsen er en lenke,
der bringer hin magiske vellyst,
lykken aldrig kan skænke.

Din arm omkring hendes skulder,
din hede kind mod hendes,
Mit hjerte hamrer så sælsomt,
som var det den anden kvindes.

Som var en del av mit væsen,
min skælven, min angst, min varme
altid anbragt i den person,
du holder i dine arme.

3.
Babble og doodle var nytt for meg, men om eg har forstått det rett er dette diktet av Hans Børli  (1918-89)
eksempel på doodle-aspektet.

Korn og sigd
Jeg fant en gammel sigd
nedgrodd i molda på åkeren.
bare en skygge igjen av stålet,
et gjennomhullet skrimsel av rust.

Åkeren blusset etter regnet;
blink av kveldshimmel rann
i neiende våte strå. Jeg tok
et gyllent havrekorn
og knuste det mellom neglene

og så at det var fylt med stjernelys.                   Fra 'Som rop ved elver (69)

2 kommentarer:

  1. Ditlevsen´s dikt er så ærlig at man nesten lider mens man leser det:)

    SvarSlett
  2. Ditlevsen sitt dikt var veldig sterkt. Eg må bare signere Kristin Hellegjerde sin kommentar.

    Det er nytt for meg å tenke på henne som lyrikar. Eg har lese Vilhelms værelse og har for tida De gjorde et barn fortred på heimlån frå biblioteket, men eg har aldri tenkt på henne som lyrikar. Det må eg begynne med.

    SvarSlett