søndag 4. april 2010

Søndagsdikt: B

Utfordringa  frå Boklesebloggen min denne veka:
1. B står for barndom. Presenter eit dikt du hugser frå barndommen din.
2. Presenter ein diktar på B, gjennom eit dikt.
3. Det er 100 år sidan Bjørnstjerne Bjørnson døydde i år, og vi feirer Bjørnson-året. Kva forbind du med denne diktaren?

Eg kan ikkje seie eg hugsar dikt frå barndommen, om ein ikkje tar med sangtekstar då. Dei mollstemte, litt triste gjorde mest inntrykk, og eg tar den første eg kjem på:
LOFOTTORSKEN

Tekst: Thorbjørn Egner

En ekte Lofottorsk jeg er,
for jeg er født i Henningsvær.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Den gang var jeg et torskeegg,
nå er jeg voksen torsk med sjegg.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Nå er jeg selv blitt torskefar,
og hundre tusen barn jeg har.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Da jeg var lite torskebarn,
jeg passet meg for krok og garn.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Jeg gjemte meg for sild og sei.
for alle ville spise meg.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Men nå er jeg blitt stor og slem,
nå er det jeg som spiser dem,
 Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Men når jeg ser en fiskemann,
da rømmer jeg så fort jeg kan.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Men det fins garn av alle slag,
jeg blir nok tatt en vakker dag.
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Hvis én til slutt skal spise meg,
 så håper jeg at det blir deg!
Fadderullan dei, fadderullan dei,
fadderullandullan dei.

Tidleg innføring i 'Kampen om tilværelsen'

Poetar på B som eg set pris på er det fleire av, men eg visste likevel med ein gong kven eg ville velje. Øyvind Berg har ein heilt eiga stemme, og han er kanskje den viktigaste poeten i Noreg i dag som er så å seie jamngamal med meg sjølv; han er fødd året etter meg - i 59. Les meir her.

Eg tar med eit dikt som stod i samlinga 'Kunngjøring', frå 1992:





JEG DET DU GA DETTE VI
ETTER EN LANG TEQUILANATT

Du er dop
Jeg er dopa
Vi er tropisk
Nord-Europa

Du er kvinne
Jeg er mann
Begge brenner
Samme brann

Jeg er mann
Du er kvinne
La oss gå
Brenne inne

Når det gjeld Bjørnstjerne Bjørnson, har eg ikkje så mykje eg brenn inne med.. .., men han var utvilsamt ein særs viktig person i det norske samfunnet mens han levde. Det er noe med stilen - og kanskje og utsjånaden - til Lars Sponheim som får meg til å tenkje på BB, men dette er vel helst flatterande for Sponheim, iallfall i litterær målestokk. Riktignok trur eg ikkje mange finn fram  BBs tekstar av fri vilje i dag -  eg held nasjonalsangen utanfor dette - men han skreiv ei genial novelle, nemleg 'Faderen'. Betre kan det neppe bli!

1 kommentar:

  1. Tihi- eg flirer av samanlikninga mellom Sponheim og Bjørnson.

    Øyvind Berg hadde eg gløymd at eg hadde tenkt å lese meir av. Takk for påminninga!

    SvarSlett