mandag 15. februar 2010

'Hardangerbrua' - skrekk og gru!

'Hardangerbrua' er ein svær reklameplakat (ca 11/2 x 1m)  for Hardangerbrua, her fotografert i resepsjonen til fasjonable Hotell Ullensvang i Lofthus, ikkje langt frå der brua vil krysse fjorden -om ikkje lenge. Håplause romantiske bymenneske som meg sjølv meiner jo at det ikkje er noko framsteg med ei slik bru. No er det likevel ingen veg tilbake, riksvegen austover blir snart fejefri sjølv utan å køyre om Sogn (Ha,ha Opseth!) Men vil vi våga oss ut på brua?! Eg vil i alle fall ikkje ha hastverk, for om kvalitetssikringa er like dårleg som det har vore i arbeidet med denne skryteplakaten går det truleg gale! Her er fleire grove feil, jamfør markeringar med raudt (Engelsken er heller ikkje imponerande ...)

Eg synest eg høyrer snøfta frå brutilhengarane: Kasta vekk pengar på språk, det må jo heller gå til bonus for å framskunde arbeidet med sjølve brua! Eg vil berre håpe dei som står i staupen kommuniserer betre enn dei som skryt av prosjektet!

4 kommentarer:

  1. Eg skriv både både og glede. Og eg liker dei valfrie siderformene godt. Eg skriv bare og også, og mykje anna rart, som heldigvis har vore lovleg i nokre år nå. Eg skriv Norge også, sjølv om det ikkje er lovleg. Så om eg hadde korrekturlese denne plakaten, ville eg bare ha retta kjøyringa. Språk er viktig, men hovudformar og sideformar er jamstilde.

    SvarSlett
  2. Sideformer, ikkje siderformer :)

    SvarSlett
  3. Einig, men kva er så 'både' sideform til? Riktig form er vel 'båe', som alternativ til 'begge'. Du skriv at du ville bruke 'glede' i preposisjonsuttrykket, ja - nettopp. Elles er vel 'kjøyring' ille nok og nærmast til å hamne på fjorden av åleine!

    Sideformene er flotte for dei som veit å utnyttte dei, men og eit (stort?) problem; kor mange greier å halde styr på dei?

    SvarSlett
  4. Både er sideform til båe, så vidt eg veit. Men eg blei litt usikker nå, og slo det opp, http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=b%E5e&begge=S%F8k+i+begge+ordb%F8kene&ordbok=begge&s=n og jammen tok eg ikkje feil. Eg som har skrive "både" som pronomen heile livet mitt. Då får eg sjå å vende meg av med det.

    Elles liker eg sideformer, dei gir meg "lov" til å skrive meir naturleg. Sjølv om eg akkruat har bevist at eg ikkje har styr på dei, eg heller :)

    SvarSlett