søndag 20. juni 2010

Søndagsdikt: L

Bai er framme ved bokstaven L:
1. I litteraturteorien snakkar ein gjerne om den lingvistiske vendinga, ei vending som har grunnlag i sveitsaren Ferdinand de Saussure sitt arbeid. Saussure har saman med seinare lingvistar vist at språket er arbitrært og konvensjonsbestemd. Det vil seie at det ikkje er nokon samanheng mellom kva bokstavar eller lydar eit ord er bygga opp om, og betydninga til ordet. På same måte som som det ikkje er nokon samanheng mellom teiknet si "materielle" uttrykksside og teiknet si "andelege" innhaldsside, er det heller ikkje nokon samanheng mellom språk og verkelegheit. Dette har lagt grunnlag for ei rekke teoretiske retningar gjennom det 20. århundre, med dekonstruksjonen som i yttste konsekvens konkluderer med at det er inga samanheng mellom språk og verkelegheit, ergo kan ikkje språket seie noko om verkelegheita.

Dette er ei ganske grov forenkling av innhaldet i dei lingvistisk inspirerte litteraturteoriane, men likevel ei skisse. Kva tankar gjer du deg, om forhaldet mellom språk og verkelegheit?

2. Ordet lyrikk kjem frå det greske ordet lyros, eller lyre. Frå antikken og fram til rennessansen var lyrikkomgrepet knytta til sangbar diktning, og musikalsk framføring. (Etter Litteraturvitenskapelig leksikon s. 146). Det er først i moderne tid at lyrikk er blitt knytta til skriftleg diktning, men vi bruker jo framleis omgrepet lyrikk også om songtekstar. Presenter ein songtekst, som også fungerer som lesetekst.

3. Og så til den klassiske oppgåva, som kjem med kvar bokstav: Presenter eit dikt av ein diktar på L.



Det er ikkje problematisk at språket er arbitrært, men forhaldet melllom språk og røyndom blir ikkje enklare av den grunn! Språket kan for eksempel aldri seie alt om røyndomen, uansett kor mange sidar han skriv klarer ikkje ein gong Knausgård det. For ikkje å snakke om det som kan skje i kodinga og dekodinga - tolkingsutfordringar. Dessutan ulike typar 'støy', kanskje ulik oppfatting av kontekst - i det heile kan ein fort meine det er eit under kvar gong ein lukkast med å kommunisere noe...at det ofte faktisk går bra, skuldast vel at dei fleste normalt tolkar på positivt vis, men sjå kor gale det går når ein er negativ. I blant er det godt å ta verda inn utan å måtte finne ord, jamfør Tove Lies dikt under. Men ein får ikkje sagt noe om dette heller utan å bruke språket....(Og kvifor brukar eg desse punktuma, eit forsøk på ordlaus kommunikasjon elller berre mangel på ord?)


Sangtekst som fungerer som lesetekst:


Telegram för en bombad by


Jag skulle bra gärna vilja veta
varför vårt hus inte fick stå kvar.
jag skulle bra gärna vilja veta
vad dom har gjort med mor och far.
kan någon människa ge ett svar?


Dom sa att huset låg mitt i vägen
låg mitt i vägen för en soldat.
Det var en omväg på några steg, men
i stället slängde han en granat.
hur kan en människa bli så lat?


(Spor 1 på den glimrande platen 
Grimascher och telegram, 1966)








Lyrikar på L: Tove Lie.


Klar morgen


Synet av Naturen sløres
av språket, som en dugget rute -
jeg stryker to fingre
over ruten, og ser, uten ord, 
ut i den dagklare virkelighet.


(Frå Vinterreise, 1988)

2 kommentarer:

  1. Dette med "støy" i dekodinga av språket er jo veldig interessant! For kva er det eigentleg som spelar inn, når vi les det vi les? Vi kan sikkert surre oss ganske langt inn i hermeneutikken, viss vi går laus på dette spørsmålet. Samtidig er eg litt redd for at vi overser sentrale deler av språket sitt potensiale, dersom vi legg for mykje vekt her.

    Tove Lie-diktet er fint!

    Også skal eg bønnhøyre deg. Sommarferie er fint.

    SvarSlett
  2. Eg trur og det kan bli mykje surr om ein grev seg for mykje inn i hermeneutikken, vi må rett og sett tru på språket - om ikkje på alle språklege utsegn!

    Takk for innvilga ferie, og god ferie til deg!

    SvarSlett