søndag 13. juni 2010

Søndagsdikt: K

Oppgåvene sjå Boklesebloggen min;
1. Konkret poesi er eit omgrep som blir brukt om diktning som framstiller ei bestemt visuell form, med bruk av typografiske og grafiske hjelpemiddel. Det er også eit omgrep som blir brukt om dikting som er prega av konkrete bilete, ikkje abstrakte omgrep.
Presenter eit dikt som kan representere ein av desse to formene for konkret poesi.

2. K for Kjærleik. Presenter eit dikt kor kjærleik er eit sentralt motiv.

3. Presenter eit dikt av ein forfattar på K.



Svara:
Eg tenkjer Jan Erik Vold straks det er snakk om konkret poesi; han dikta mykje fint i den undersjangaren på 60-talet. Eg vil ta med eit som og er svar på oppgåve 2:


                                                        der min              når
                                              lengsel går over i              du er 
                                       kjærtegn står din hud               her hos               
                                  som skillet mellom den du              meg leker
                             er i meg og deg selv ditt                 ditt legeme seg
                           fravær er min ømhet og                  i    andre linjer enn  
                           vekker mitt bilde av                  dem jeg trakk opp med   
                            deg en hvithet                 mine tenkte kjærtegn  du
                             som bølger                  er   alltid   sluttet   inne av 
                               mildt og                   din egen varme hud evig
                                 mykt   i                    evig utenfor min
                                          meg                    lengsel                       (fra Mellom speil og speil, 65)

Sjølv om eg ikkje får til eit like fint oppsett som i originalen (og eg håper det ikkje beveger mye på seg!), så skulle det vere mulig å kjenne igjen yin og yang-symbolet:



Dette er eg redd for å seie noe om, fordi eg veit så lite og trur det er mange som veit mykje meir, og her på berget, men det har med Taoismen frå Kina å gjere, og det skal symbolisere dei grunnleggande kreftene i  verda; korleis dei er komplementære og vil utfylle kvarandre. Yin (sort), det jordiske, Yang (kvit), det himmelske. Så kva er det maskuline og kva det feminine!?

Ein diktar på K var vanskeleg for meg, Kingo og Krag er  liksom ikkje ved mitt bord, men sidan eg har eit tysk litteraturprosjekt gåande begynte eg å leite der, med hell!


 Thomas Kling (1957-2005), vert rekna som ein av dei fremste lyrikarane på tysk i sin generasjon, så det er rett og rimelig å ha ein liten ekstra tysktime med han. Sjå interessant artikkel i Vinduet 4/08, der eg og fann dette diktet:

Inhalator

sende pustetelegram. flytende.
og hes bjeffing som fra en polarrev,
det blåflagrende, flagret ventil, arnika-

blå lufter: som slipper fri hver sin sarte
lille sky; en liten sky av emser-salt,
saltbark som stikker til sjøs, for straks

å gå over i oppste oppløsning, over-
gangsløs henflagrende, som sender polar-
revtelegram stort fram, med rykende pels

det framstøtte: pustemail, som metal aim
taggete lufter, slik låter innhold, kort ljom-mail,
slik inhalerer dikteren det.

(Gjendikting ved Arild Vange)

Lekse til neste veke: Tolk diktet.....
(Slik tar vi knekken på all interesse  for lyrikk!)


                                          

7 kommentarer:

  1. Haha! Da velger jeg å la diktet være som det er og tenke mine egne tanker, så kan man ihvertfall ikke beskylde meg for å ødelegge!
    Ha en herlig uke:)

    SvarSlett
  2. Det yin-yang-diktet er svært vakkert. Og Kling er ny for meg - spennande dikt. Det er utruleg morsomt å lese svara frå deg (og dei andre som er med), for det dukkar opp så mange nye diktarnamn, eg må undersøke nærmare.

    Og til slutt klarer eg ikkje dy meg frå å kommentere leksa di - kva er det å tolke eit dikt?

    SvarSlett
  3. Fin layout, forresten! Enkel og oversikteleg.

    SvarSlett
  4. Takk for kommentar om utsjånaden, det er jo omtrent som når ein har vore hos frisøren, VIL NOEN SJÅ DET? Sjølv er eg godt nøgd.
    'Å tolke eit dikt' har vore ein klassikar i norskfaget, sjølv til eksamen, og meininga er nok å legge fram ei begrunna meining om diktet der ein viser at ein kan seie noe vesentleg om det og peike på (sentrale) verkemiddel som er brukt. Dei fleste elevar ser nok på dette som ei hinderløype med sbubletrådar...

    SvarSlett
  5. Det var ein velluka tur til frisøren!

    Spørsmålet mitt var meint som ein spøk - noko som ikkje kom tydeleg fram av konteksten, så eg klandrar deg ikkje for å ikkje ta han - eg kritiserer meir enn gjerne skulen sitt fokus på dikttolking og i det heile tatt den humanistiske tradisjonen sitt overdrivne fokus på tolkning og hermeneutikk.

    SvarSlett
  6. Eg
    Eg tenkte etter at hadde skrive den forrige kommentaren at eg ikkje hadde forstått at du var ironisk, du har jo spisskompetanse på lyrikk - så eg er glad for at du tok det pent!

    SvarSlett
  7. Skriftleg ironi er dessverre ikkje lett å få fram, så takk det same.

    SvarSlett