1. Konkret poesi er eit omgrep som blir brukt om diktning som framstiller ei bestemt visuell form, med bruk av typografiske og grafiske hjelpemiddel. Det er også eit omgrep som blir brukt om dikting som er prega av konkrete bilete, ikkje abstrakte omgrep.
Presenter eit dikt som kan representere ein av desse to formene for konkret poesi.
2. K for Kjærleik. Presenter eit dikt kor kjærleik er eit sentralt motiv.
3. Presenter eit dikt av ein forfattar på K.
Svara:
Eg tenkjer Jan Erik Vold straks det er snakk om konkret poesi; han dikta mykje fint i den undersjangaren på 60-talet. Eg vil ta med eit som og er svar på oppgåve 2:
der min når
lengsel går over i du er
kjærtegn står din hud her hos
som skillet mellom den du meg leker
er i meg og deg selv ditt ditt legeme seg
fravær er min ømhet og i andre linjer enn
vekker mitt bilde av dem jeg trakk opp med
deg en hvithet mine tenkte kjærtegn du
som bølger er alltid sluttet inne av
mildt og din egen varme hud evig
mykt i evig utenfor min
meg lengsel (fra Mellom speil og speil, 65)
Sjølv om eg ikkje får til eit like fint oppsett som i originalen (og eg håper det ikkje beveger mye på seg!), så skulle det vere mulig å kjenne igjen yin og yang-symbolet:
Dette er eg redd for å seie noe om, fordi eg veit så lite og trur det er mange som veit mykje meir, og her på berget, men det har med Taoismen frå Kina å gjere, og det skal symbolisere dei grunnleggande kreftene i verda; korleis dei er komplementære og vil utfylle kvarandre. Yin (sort), det jordiske, Yang (kvit), det himmelske. Så kva er det maskuline og kva det feminine!?
Ein diktar på K var vanskeleg for meg, Kingo og Krag er liksom ikkje ved mitt bord, men sidan eg har eit tysk litteraturprosjekt gåande begynte eg å leite der, med hell!
Inhalator
sende pustetelegram. flytende.
og hes bjeffing som fra en polarrev,
det blåflagrende, flagret ventil, arnika-
blå lufter: som slipper fri hver sin sarte
lille sky; en liten sky av emser-salt,
saltbark som stikker til sjøs, for straks
å gå over i oppste oppløsning, over-
gangsløs henflagrende, som sender polar-
revtelegram stort fram, med rykende pels
det framstøtte: pustemail, som metal aim
taggete lufter, slik låter innhold, kort ljom-mail,
slik inhalerer dikteren det.
(Gjendikting ved Arild Vange)
Lekse til neste veke: Tolk diktet.....
(Slik tar vi knekken på all interesse for lyrikk!)
Haha! Da velger jeg å la diktet være som det er og tenke mine egne tanker, så kan man ihvertfall ikke beskylde meg for å ødelegge!
SvarSlettHa en herlig uke:)
Det yin-yang-diktet er svært vakkert. Og Kling er ny for meg - spennande dikt. Det er utruleg morsomt å lese svara frå deg (og dei andre som er med), for det dukkar opp så mange nye diktarnamn, eg må undersøke nærmare.
SvarSlettOg til slutt klarer eg ikkje dy meg frå å kommentere leksa di - kva er det å tolke eit dikt?
Fin layout, forresten! Enkel og oversikteleg.
SvarSlettTakk for kommentar om utsjånaden, det er jo omtrent som når ein har vore hos frisøren, VIL NOEN SJÅ DET? Sjølv er eg godt nøgd.
SvarSlett'Å tolke eit dikt' har vore ein klassikar i norskfaget, sjølv til eksamen, og meininga er nok å legge fram ei begrunna meining om diktet der ein viser at ein kan seie noe vesentleg om det og peike på (sentrale) verkemiddel som er brukt. Dei fleste elevar ser nok på dette som ei hinderløype med sbubletrådar...
Det var ein velluka tur til frisøren!
SvarSlettSpørsmålet mitt var meint som ein spøk - noko som ikkje kom tydeleg fram av konteksten, så eg klandrar deg ikkje for å ikkje ta han - eg kritiserer meir enn gjerne skulen sitt fokus på dikttolking og i det heile tatt den humanistiske tradisjonen sitt overdrivne fokus på tolkning og hermeneutikk.
Eg
SvarSlettEg tenkte etter at hadde skrive den forrige kommentaren at eg ikkje hadde forstått at du var ironisk, du har jo spisskompetanse på lyrikk - så eg er glad for at du tok det pent!
Skriftleg ironi er dessverre ikkje lett å få fram, så takk det same.
SvarSlett