søndag 25. april 2010

Søndagsdikt: E

Nye utfordringar frå Boklesebloggen min:
1. Ekfrase er eit dikt som er skrive til eit anna kunstverk. Som oftast er ekfrasa skrive til billet- eller skulpturkunst, men ho kan også vere retta til andre kunstformar. Presenter eit dikt som er ei ekfrase.


2. Presenter eit dikt av ein diktar på E.

3. Sidan eg ikkje er objektiv, og sidan Gunnar Ekelöf er og blir min diktarfavoritt, vil eg dedikere den siste E-en til han. Har du lese Ekelöf og kva synest du om tekstane hans?

1 Her tenkjer eg med ein gong på Olav H. Hauges 'Til eit Astrup-bilete':
















Kan hende drøymde dei um dette her
å møtast på ein klote, på ein stad
der hegg og apal stend i syreblad
og blømer slik ei dulgrøn vårnatt nær

ved fjorden? Vera samen, planta bær
og så ein innvigd åker rad for rad
med urter  bak ein steingard som dei la
kring helga lunder, dei som fyre fer?

Dei er i riket sitt og sår si jord.
Og vårnatti er ljos av draum og gror.
Dei legg ikkje merke til at ein kjem stilt

                                                                                    
 i snøskardet og stig på vatnet no.
 Men då dei natta, såg dei månen vod
 i gullserk ute der så unders mildt.
   (Frå 'På ørnetuva' 1961)

2. Magni Elster har og skrive om 'månen':

Måne

Fullmånen over Paris
franske fullkomne skoger
med tomrom av luft mellom trær
trærnes røde løv, felt
luften oppskåret av Eiffeltårnets magiske jern
smil, plutselig, fra en som raket løvet.
Nå er det andre som går to og to i gater
og i skoger
og ikke har tid til å se
månen over Paris.
(Fra 'Sekundene', 1971)

3. Eg må nok innrømme at mi lesing av Ekelöf er svært tilfeldig og overfladisk. Eg har vel lese meir om han, f.eks i tidskriftet 'Basar', 1/78....

4 kommentarer:

  1. Morsomt at du også valgte Magli Elster :) Ho har skrive mange vakre tekstar. Og "Til et Astrup-bilete" er også flott.

    Eg blir jo nysgjerrig på kva du har lese om Ekelöf i "Basar" - dette er ein artikkel eg ikkje har på litteraturlista mi, sjølv om eg også har lese svært mykje om han det siste halvanna året ;) Eg anbefaler deg forresten å lese meir av han også!

    SvarSlett
  2. Takk for at du gjorde meg oppmerksom på denne flotte søndagstradisjonen. Nå blir jeg også med :)

    SvarSlett
  3. Det som fins om Ekelöf i Basar 1/78 er 'Porträtt av GE' av Ingrid Ekelöf (som det opplyses er likt forordet i 'En självbiografi', som du sikkert kjenner (?), dessuten fem trykte sider fra Es notatbøker (1962-68).I tillegg har Jan Erik Vold et dikt , '-sommernatten, sommernatten-, om/til E. Forøvrig har jeg også lest om E i Volds 'Entusiastiske essays'. Om det er noe av dette du mot formodning ikke har, kan jeg selvsagt sende deg kopier.

    SvarSlett
  4. Desse tekstane kjenner eg til. Eg visste bare ikkje at dei var trykte i "Basar" i tillegg. Elles tusen takk for tilbodet.

    SvarSlett